Hopp til innhaldet

Interiør

Det er noko heilt spesielt å sitje bak rattet.

Doble skjermar, panoramatak som kan dimmast, 437 liter bagasjerom og BOSE med høgtalarar i nakkestøtta. Her er heile interiøret.

  • Dei doble skjermane i nye Nissan LEAF

    To skjermar, og Google er alt på plass

    Engage har doble 12,3"-skjermar. Frå Engage Plus veks dei til 14,3" og du får NissanConnect med Google innebygd: Maps, Assistant og Play rett i bilen, utan å kople til mobilen. Trådlaus Apple CarPlay og Android Auto følgjer med på alle utstyrsnivå.

  • Det elektrisk dimbare panoramasoltaket i nye Nissan LEAF

    Panoramataket kan dimmast i fire steg

    Advance og Evolve har elektrisk dimbart panoramasoltak med fire nivå og varmereflekterande belegg — lyst når du vil, skjerma når sola står lågt. Med tak er det 1 016 mm fri høgd framme, utan tak 983 mm.

  • Framsetet i nye Nissan LEAF med oppvarma seter

    Oppvarma seter og ratt frå første nivå

    Alle LEAF har oppvarma seter og ratt, varmepumpe og to-sone klima. Evolve legg til 8-vegs elektrisk førarsete med korsryggstøtte og massasje. Setetrekka går frå tekstil på Engage til syntetisk skinn på Evolve, i svart eller beige med lilla detaljar.

  • Baksetet og plassen i nye Nissan LEAF

    Plass til folk og til det dei har med

    Albuebreidda er 1 450 mm framme og 1 385 mm bak. Baksetet er delt 60/40, og det er to ISOFIX-festa. Bagasjerommet tek 437 liter etter VDA — 1 106 liter med setet nede, og lastelengda går frå 599 til 1 287 mm.

  • BOSE-lydanlegget i nye Nissan LEAF Evolve

    BOSE med to høgtalarar i nakkestøtta

    Evolve har premium BOSE-anlegg med 9 høgtalarar og subwoofer, der to sit i nakkestøtta på førarsetet. Dei andre utstyrsnivåa har 6 høgtalarar. Frå Engage Plus får du òg trådlaus mobilladar og stemningslys — 64 fargar frå Advance.

Modellane

Fire variantar. To batteri. Éin rett LEAF for deg.

Prisar per utstyrsnivå og batteristorleik
Variant 52 kWt 75 kWt
Engage 359 900,- 409 900,-
Engage Plus 389 900,- 439 900,-
Advance 424 900,- 474 900,-
Evolve 459 900,- 509 900,-

Pris inkl. frakt og leveringsomkostningar. Atterhald om trykkfeil og endringar i avgifter.

Book prøvekøyring