Informasjonskapslar
Kva vi lagrar, og kvifor.
Vi brukar anonymisert statistikk for å sjå kva sider folk har nytte av. Her er alt som blir lagra i nettlesaren din.
Vi brukar Google Analytics gjennom Google Tag Manager for å telje besøk og sjå kva sider som blir lesne. Løysinga er sett opp slik at IP-adressa di blir maskert, og vi deler ikkje data med Google til deira eigne føremål. Difor blir statistikken samla utan at du må klikke vekk eit banner.
Informasjonskapslar som blir sette
Desse ligg i nettlesaren din når du er innom:
- _ga og _ga_QJVPQC7DVL — Google Analytics. Skil éin nettlesar frå ein annan så vi ikkje tel same besøket to gonger. Varer i to år.
- cmplz_statistics, cmplz_consent_mode og cmplz_policy_id — samtykkeløysinga vår. Hugsar kva som er lov å laste, og kva versjon av denne sida du har sett. Varer i eitt år.
Kva vi lagrar utan informasjonskapsel
Ein liten ting, og han forsvinn av seg sjølv:
- Vala dine i bilvisninga. Vel du ein farge, eit utstyrsnivå eller eit batteri, hugsar nettlesaren det medan du er på sida, slik at skjemaet er ferdig utfylt når du kjem dit. Dette ligg i noko som heiter sessionStorage, det blir aldri sendt til oss, og nettlesaren slettar det når du lukkar fana.
Kartet
Kartet på kontaktsida lastar ikkje før du sjølv klikkar for å laste det. Fram til då blir det ikkje sendt noko til Google i det heile. Vel du å laste kartet, gjeld Google sine eigne vilkår for den delen.
Vil du ikkje vere med i statistikken
Du kan blokkere eller slette informasjonskapslar i innstillingane til nettlesaren din, og du kan installere Google sitt eige fråvals-tillegg om du vil stå utanfor Google Analytics på alle nettstader. Ingen av delane hindrar deg i å bruke sida vår.
Spørsmål
Lurer du på noko om dette, ring 57 83 09 60 eller send ein e-post til post.forde@auto8-8.no.